5.divisjon kvinner: Sædalen/Kalandseid-Trio 0-0. Damelaget avslutta vårsesongen med ein bortekamp der troppen bar litt preg av at fleire var reist på ferie og cup, samt anna fråver. Men like fullt, 14 damer på tur og ingen problem med å stille lag.

Ein ung tropp i dag. Trio har ikkje eige 16-årslag i år, dei tilhøyrer damelaget. Og i dag var vi 5 som held J16-alder og heile 10 av 14 held junioralder.

Vi brukte 10 minutt på å kome i gong, men derifrå hadde vi stålkontroll defensivt. Fram til siste kvarteret, då fekk vi litt trøkk mot oss igjen. Men ei strålande opplagt Erna i mål tok det sjeldne som kom forbi særs solide Rebekka og Selma i midtforsvaret. Særleg var dobbeltredninga 5 minutt før slutt av høg klasse, med ein lynrask parade då spissen brått sto åleine på femmeteren.

Framover skapte heller ikkje vi all verda. Nærast før pause var Elisabeth med skot over etter forarbeid av Mariel, og Emma som av mystisk grunn dribla ballen over på høgra då Aria spelte ho fri. Emma er det mest venstrebeinte vi har, høgrefoten brukar ho knapt til å stå på.

Etter pause vart Elisabeth frispelt av Aria, og gjekk i bakken i feltet. Men dommaren syntest korrekt nok at straffe var i overkant. Elles ein trippelsjanse etter innlegg frå Emma, men ingen klarte å få ballen i nota.

Ein ok kamp av oss. God innsats og alle fekk minst ein halvtime på banen. Som elles i vårsesongen, mykje solid bakover, og så manglar vi litt råskap framme og tempo i bakrom. Satsar på å halde det gåande med treningar gjennom sommaren.
Kampfakta frå Kalandseid kunstgras
5.div kvinner: Sædalen/Kalandseid-Trio 0-0

Trio sitt lag:
Erna Mikkelsen, Siren Njøs, Rebekka Røen, Selma Kleveland, Beate Vimme, Mariel Musland Madsgård, Ida Eikeland Stensletten, Aria Haugsdal, Mia Ingvaldsen, Emma Heggøy, Elisabeth Hansen Eide, Malin Saug, Helene Eikenes, Luwam Kashay.

– Are Ulseth