Trio jentene hadde fryktelig lyst til å spela finale på Sør Arena, kanskje litt for lyst, for i semifinalen mot Telemarks laget Hei IL så kom ikkje jentene opp på sitt beste nivå og tapte til slutt 0-2. Vi hadde sjansar nok, men marginar og dommaravgjersle var heller ikkje heilt med oss i dag.

Vi startar nervøst og Hei verkar meir ‘på’ enn oss. Vi hadde snakka masse om at Hei angrip mykje mot bakrom på 2 gode spissar og at vi måtte falle av og unngå dette bakrommet. Det er likevel akkurat det som skjer allerede etter noken få minutt. Lang ball slått over eit noko uoppmerksomt Trio forsvar og ein tidleg ledelse til Hei. Hei er klart best i starten av kampen og Malene må rydda opp eit par gonger, blant anna ein flott redning då dei kjem i bakrom på ny. Vi taper alt for mange duellar i denne fasen. Hei eig midtbanen og vi slit. Julie kjem til eit par sjansar i slutten av omgangen. Først kunne ho faktisk fått straffe då keeper sett 2 strake armar i ryggen på ho. Like før pause kjem ho åleine med keeper. Får litt for lite tid på seg og velger eit kjapt skot som treff keeper. Hadde utlikninga komt her kunne kampen fort vippa vår veg.

Jentene leverer ein bra andre omgang. Utan å ta fram storspelet trykker vi Hei bakover og det meste føregår på deira halvdel. Vi produserer 2 gigasjanser på høgrekant der Cecilie serverer korrekt ’45 ut’ ved begge høve, men det vil seg ikkje. Hei går ved tredje anledning hardare til verks mot Cecilie og spring ho regelrett ned i skuddøyeblikket inne i 16m. Skuddet går då naturlig nok 15m utanfor frå Cecilie og det blir dømt…….corner (??!!). Her blir vi snytt for ein soleklar straffe på 0-1, mens Hei avgjer kampen ikkje lenge etter då dei på ein sporadisk kontring går i bakken i duell med Linnea. Rimelig lik på Egentlig ein jevn kamp der laga har ein omgang kvar og jevnt i sjansestatistikken. Litt marginar og dommar med så kunne vi fort vunne dette, men når det er sagt så må vi sei at Hei vinn fortent nok basert på ein god første omgang og det er bare å gratulera og ønska flinke og spelande jenter og hyggelige trenarar lykke til mot Bønes i finalen!

J15 vil takka alle som har støtta oss. G15 har spesielt vore fantastiske, både gutane, føresette og støtteapparat. Innlegget på Liveoppdatering i morges har i skrivande stund 100 ‘Likes’ – heilt enormt – tusen takk! Dette viser tydelig at vi bygger klubb på ein god måte i Trio i øyeblikket, med stort engasjement på tvers av lag og elles i miljøet. Kjekt å registrera!
Då blir det bronsefinale på jentene i morgen kl. 14.00 på samme bane. Motstandar er Asker Sort, som tapte 1-5 mot Bønes i semifinale i morges. Vår marginale tropp på 13 er no ‘litt på felgen’ og med litt småskader, men satser på at vi skal kunna gjennomføra ein OK kamp til før ferien:-)

Kristine, Stig og Per Einar