Turn
Trio turn har lang røynsle med idrett for born og blir sett på som ein god start for born sitt møte med fysisk aktivitet og idrettsglede. Idrett for born skal vera allsidig og motorisk utviklande
Ny leiar i turngruppa
Vi har fått ny leiar i turngruppa. Ho heiter Eva Refvik. Eva jobbar i dag som skulerådgivar i Kvinnherad kommune, og har tidlegare vore rektor ved Undarheim skule. Ho fortel at ho ser fram til også å bidra på det frivillige planet, og er glad for å overta det ho meiner er eit veldrive maskineri. Vi ynskjer ho velkommen i turngruppa og ser fram til samarbeidet.

Påmelding trening
Vi har stor pågang av born som ynskjer å delta på turn. Dei fleste partia er fulle per no, men vi har nokre ledige plassar på enkelte parti. Ynskjer du å melde inn barnet ditt i ei turngruppe går du til –melde inn/ut. Her vil du få opp dei ulike gruppene våre og kan melde inn barnet ditt via lenka som ligg ved. Viss gruppa er full vil du automatisk bli sett på ei venteliste. Når det blir ledig plass vil barnet ditt få plass.
For at endå fleire born skal få sjansen til å oppleve gleda ved turn, treng vi fleire engasjerte foreldre som vil vere trenarar. Du treng ikkje erfaring frå før – vi gir deg både opplæring, rettleiing og kurs dersom du ønskjer det. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og skape gode opplevingar for borna. Har du lyst til å bli med som trenar? Ta kontakt med sportsleg leiar Annelie Rønstad – kontaktinformasjon finn du lenger nede på sida.
Saman kan vi sørgje for at alle born som ønskjer det, får ta del i turngleda!
Treningstider vår 2026
Treningane er i Kvinnherad Arena
| Dag | Tid | Parti |
| Måndag | 16:30 | Gymleik m. foreldre 2023 |
| Måndag | 17:15 | Gymleik m. foreldre 2021 |
| Måndag | 18:30 | Idrettens grunnstige 2015 |
| Tysdag | 16:30 | Gymleik m. foreldre 2021 |
| Tysdag | 17:15 | Gymmleik: Idrettens grunnstige 2018 |
| Tysdag | 18:15 | Paraturn – allidrett |
| Onsdag | 16:30 | Gymleik Idrettens grunnstige 2019 |
| Onsdag | 17:30 | Turntrening 2016 |
| Onsdag | 18:30 | Idrettens grunnstige 2013-2014 |
| Onsdag | 19:30 | Voksenturn |
| Torsdag | 16:45 | Gymleik m. foreldre 2020 |
| Torsdag | 17:30 | Gymleik: Idrettens grunnstige 2017 |
| Torsdag | 18:30 | Cheerleading |
| Fredag | 17:00 | Gymleik m. foreldre 2022 |
| Søndag | 14:00 | Gymleik m. foreldre 2022 |
| Søndag | 15:15 | Gymleik foreldre 2020 Søndag 2 |
| Søndag | 16:15 | Gymleik m. foreldre 2020 Søndag 1 |
| Søndag | 17:00 | Gymleik Idrettens grunnstige 2019 |
“Meistring, utvikling og idrettsglede for alle”
NORGES GYMNASTIKK- OG TURNFORBUND
Vi er samd i NGTF sin verdier som bygger Norges Idrettsforbund og Olympisk og Paralympiske komités (NIF) verdier:
- Glede
- Helse
- Fellesskap
- Ærlighet
- Frivillighet
- Demokrati
- Lojalitet
- Likeverd
Styret i turngruppa 2024
| Navn | Rolle | E-post | Telefon |
| Eva Refvik | Leiar | eref69@gmail.com | 99562307 |
| Anneli Rønstad | Sportsleg leiar | anneli.ronstad@gmail.com | 452 43 087 |
| Liv Inger Engevik | Styremedlem/ kioskansvarleg | livinger2@gmail.com | 915 51 280 |
| Roger Røssland | Styremedlem- Medlemsansvarleg | roger.rossland@knett.no | 930 03 895 |
| Christine Hope | Styremedlem- Aktivitestansvarleg | c_hope_88@hotmail.com | 97153630 |
| Gry Hege Grønningen | Styremedlem | grygon@outlook.com |
Sponsorar




