Friidrettsgruppa har no fått takoverbygg til høgdematta og stavmatta på Husnes stadion. Desse mattene har i mange år ligge utandørs i sommarhalvåret, og vorte utsett for slitasje av ver og vind, og uvøren bruk. Takka vera pengestøtte frå Sparebank 1-stiftinga (190.000 kr) har vi no fått kjøpt inn takoverbygg. I tillegg har støtte frå Sparebanken Vest sitt eldsjelfond (45.000 kr) gjort at vi kunne kjøpe ny høgdematte, då den gamle er temmeleg utslitt. Takk også for bistand frå Trio sitt hovudstyre, og ikkje minst ein gedigen takk til dugnadsgjengen som har montert mattene.

Karane som sto for dagens dugnadsøkt med montering: Frå venstre Kåre Nissestad, Jan Ove Håvik, Magnar Sundsteigen, Henning Haga, Harald Skoglund og fotograf Dagfinn Jensen.

Så er det kanskje litt synd at mattene no ikkje vil liggje ute til fritt bruk lenger. Dette har vore ein samlingsplass for ungar og ungdom, men det er for kostbart utstyr med tanke på slitasjen dei utsettast for. Kan nemne at ny høgdematte kosta 45.000 kr, og ei stavmatte er 3 gonger så stor, og ditto dyrare.

Så litt negativt: Vi har allereie sett at nokon har forsøkt å gjere herverk på dei nye bygga, jamfør biletet under. Bygga er robuste saker, men vi vonar likevel ingen prøver å medvite skade utstyret vårt. Skulle nokon observere slike handlingar, er vi takksame for beskjed.
Leiar IL Trio friidrett, Are Ulseth

Nokon har allereie bulka dei flotte bygga våre :/