Friidrett: Kjekt Kvinnheradmeisterskap
Laurdag skipa friidrettsgruppa til Kvinnheradmeisterskap. Totalt 43 deltakarar, 30 av dei i frå Trio. Ein kald haustdag, men trass alt veldig fint ver for årstida. På løpssida var det mange andre konkurrerande eventar i regionen, så deltakinga hjå oss vart beskjeden. Elles kjekt å sjå at ein del ungar også viser interesse for å vera med å kaste både slegge og kule i lag med store og sterke ungdomar i mange aldre.
Vedlagt er resultater frå stemnet.