5. div kvinner: Trio – Baune 2-1 (1-1).

Endelig blei det heimekamp for damelaget då Baune tok turen frå Bergen. Det startar nokolunde jevnt på den flotte grasmatta, men gradvis riv vi til oss eit spelemessig overtak og det er ikkje ufortent 11 minutt ut i kampen då Mirka og Ida etter aggresivt høgt press vinn ball og Ida vert felt på vei gjennom. Klar straffe og kaptein Ingeborg Stensletten Hagan sett den overlegent høgt i hjørnet til høgre for keeper. Flott straffe og 1-0 Trio! Vi har god kontroll og initiativet mesteparten av omgangen, men Baune er farlig frampå eit par gonger. Eit frispark blir løfta i tverrliggar frå skrått hald, mens ein av 2 debutantar i dag, Wiktoria Kondracka (17), varta opp med ein kjemperedning frå kort hald på ein anna. Noko tilfeldig utligner også Baune og det står 1-1 til pause sjølv om Trio har fleire sjanser til å ta tilbake leiinga før pause.

Under kvilen snakka vi om kollektivt høgt press og gjenvinning, samt enklare valg med ball. Dette blei meget bra i andre omgang og då er det stort sett spel mot eit mål. Vi stangar og stangar og skyt og skyt, men det vil seg ikkje. Så kjem debutant nr.2 for dagen, 15-årige Ingeborg Ersland, seg fri på venstre kanten og finn Ida Lygre føre mål og Ida sett ballen til side for målvakta. Endelig uttelling og ekstremt fortent leiing 5 minutt før slutt!!! Begge debutantane Wiktoria og Ingeborg imponerte i dag. Baune produserer ingenting etter dette heller og vi er nærare både 4 og 5-1 kampen sett under eitt. Solid gjennomføring og ein skikkelig lagsiger av Trio laget!

Trio: Wiktoria, Sophie, Ingeborg Hagan, Mariel, Linnea, Cecilie, Ester, Synna, Ida, Emma Heggøy, Mirka, Sofia, Aria, June Hammer, Emma Meling, Ingeborg Ersland, Jenny.

Spelefri til helga, om 2 veker ventar Eidsvåg i nok ein heimekamp.