G15-16 har ei hektisk veke, men no er to av tre kampar unnagjort. Først ein kamp på Stord på tysdag, der vi gjorde ein god prestasjon, men det heldt berre nesten. Stord leia 3-0, før vi reduserte to gonger ved Abdul og Elias. Men i staden for utlikning, svara stordabuane med kampens to siste mål. Så vart det siger mot Rosendal på Husnes stadion i dag, før vi sender ein skokk til kamp i Prestegardsskogen og møte med Trott på laurdag. Vi fordeler etter beste evne våre 28 mann på kampane, slik at det også tilpassast med desse hersens konfirmasjonane, som går føre seg for tida.

I kveld var det altså lokalbatalje mot Rosendal/Uskedal. Vi fekk ein pangstart med scoring etter to minutt ved Elias, som hamra ballen i nota. Same mann auka også til 18 midt i omgangen. Emil spelte inn i bakrom, der Elias var ein evig trussel for rosendelingane. Aggresiv jobbing vart krona med at keeper klarerte i brystet på Elias, som så fekk kontroll på ballen med tomt mål i skue. 2-0. Men det skal seiast, omgangen elles var bortelaget sin, og vi vart til tider sett under kraftig press, då Rosendal flytta mykje folk fram sentralt i banen. Martin varta opp med nokre kjemperedningar så det vart med Rosendal si eine redusering på straffe. Vi kunne også fått eit til då Fredrik blokkerte ei klarering, og Elias drula til det han hadde då han fekk returen. Med litt meir list og lempe i staden for kraft, hadde det nok blitt mål.

Vi samla oss godt i pausen og klarte å stå mykje betre i mot bortelaget i andre omgang. Flotte mål hadde vi også å by på. Kaptein og midtstoppar for dagen, Brage H, braut på midten og via Emil gjekk ballen til Andri. Han er det engelskmenn vil kalle not a great goalscorer, but a scorer of great goals! Vår staute islending førte ballen fram til ca 20 meter frå mål og fyrte laus, over keeper og inn i nota. Men Adam hoppa ikkje paradis veldig lenge, 3-1 vart til 3-2 og ny spaning på ein god overgang frå bortelaget.

Der sto kampen og vippa. Første målet ville avgjere mykje, og det kunne ha kome då Elias og Mathias spelte vegg før førstnemnte avslutta hardt på keeper. Returen kunne Gunnar banke inn, men avslutninga vart for puslete. Det var derimot ikkje Emil sitt skot rett etter. Unge Solheim har ei formidabel høgreslegge og frå nesten 30 meter lada han kanonen og fyrte kula rakt opp i vinkelen. Verdt inngongspengane åleine.

Dermed vart det siger 4-2 i ein kamp der samtlige bretta godt opp ermene og sto på. Fighting like beavers, som Chris Kamara ville sagt det. Og fremst i feltet når det gjeld innsats og vilje går Tristan, som var banens beste i dag. Herleg!

Kampfakta frå Husnes stadion: G16 – Trio2-Rosendal/Uskedal 4-2 (2-1)
1-0 (2 minutt) Elias Ulbi
2-0 (18 minutt) Elias Ulbi
2-1 (33 minutt)
3-1 (49 minutt) Andri Sigthorsson
3-2 (53 minutt)
4-2 (73 minutt) Emil Haugan Solheim
Dommar: Kjetil Bølgerud, Trott.
Ingen kort.
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Håkon Georg Røssland, Brage Harsvik, Tristan Thorkildsen Thorsen, Jonas Hjelmeland Naterstad, William Røyrvik Heggøy, Emil Haugan Solheim, Andri Sigthorsson, Michael Løland, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Fredrik Saghaug Eikeland, Mathias Veastad, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Brage Kvandal.