Resultater frå seriestemne 5.august
På onsdag arrangerte friidrettsgruppa seriestemne med totalt 12 deltakarar. Det var kastøvingar med diskos, slegge og kule, samt løpsøvingar med 60 meter, 600 meter og 3000 meter. Vedlagt er resultater.
Biletet under viser Ådne i diskosringen, der han kasta 31,80 meter. Enda meir imponerande var sleggeserien hans. Tre kast over den gamle persen hans, og det lengste på 38,32 meter. No til helga deltek Ådne på NM i tikamp i Fagernes. Rapportane er at det er rekordstor påmelding i mangekamp i år. Veldig positivt for friidretten at det er god breidde i øvingsutvalet i ungdomsklassane.
Vi prøver å gje litt oppdatering på Facebooksida vår korleis det gårgjennom helga. Programmet er som føljer:
Laurdag frå kl 10: 100 meter, lengde, kule, høgde, 400 meter (ferdig i 18-tida).
Søndag frå kl 09.40: 100 meter hekk, diskos, stav, spyd og til slutt 1500 meter kl 17.