Flotte gåver til Trio
I Sparebank 1-stiftinga si utdeling sist veke fekk Trio støtte til to flotte prosjekt.
Vi fekk 100.000 kr til nytt lydanlegg i idrettsparken. Dette skal bli ei flyttbar eining i tillegg til ein fast, slik at anlegget kan brukast både på Husnes stadion og ved arrangement på Kvednabekkjen.
I tillegg fekk Trio 90.000 kr i støtte til jubileumsboka. Arbeidet med jubileumsboka vart starta kort etter Trio fylte 70 år og over nyttår, 27.januar 2021, er det altså 75 år sidan idrettslaget vart skipa. Prosjektgruppa med forfattar Ivar Vaage i spissen, er godt i rute med boka, som etter planen snart er klar for trykking. Planlagt bokslepp er i oktober månad, så i år blir det ingen problem å bestemme seg for julegåve til kone, mann, slekt og vener. Denne støtta vil gjere at prisen vil bli høgst overkommeleg, og vi vonar boka vil hamne i hylla i mang ein kvinnhersk heim.
Vi rettar ein stor takk til Sparebank 1-stiftinga for gåvene!