Hydro Husnes med støtte til IL Trio
I dag var det utdeling av pengegåver til lokale lag ved Hydro sitt administrasjonsbygg. “Midlane skal gå til frivillige organisasjonar som har erfart inntektssvikt, aktivitetssvikt og arrangementssvikt som følge av covid 19-pandemien. Vi ønskjer med dette å bidra til å få hjula i gang igjen i lokalsamfunn som vi er ein del av”, kunne Hydro melde på si nettside. IL Trio fekk heile 100.000 kr. Nestleiar i idrettslaget, Hanne Larsen, tok i mot gåva frå Fabrikksjef Johan Berg (til venstre på biletet) og HR businesspartner, Eivind Torvik, ved Hydro Husnes. Foto: Geir Berntzen.
IL Trio er hjartans takksame for gåva.