IL Trio sin TINE Fotballskule er gjennomført med bravur!

108 påmelde barn fekk tre kjekke dagar i Husnes Idrettspark, fylt med aktivitet, leik og fotballglede.

Målet med fotballskulen er at alle barna skal kjenne på tilhøyrsel, meistring og idrettsglede. Vi håpar alle sat igjen med gode opplevingar og fine minne etter desse dagane.

Som idrettslag er vi avhengige av eldsjeler og frivillige for å skape gode arenaer for barn og unge.

Ein ekstra stor takk til Nils Olav, Lena Medhaug og resten av teamet for ein fantastisk frivillig innsats. Utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg!


Her er nokre ord fra ein av årets tine ansvarlige Nils Olav:

-Tre kjekke dagar med mykje fotball, leik og moro!

-Med mange flinke instruktørar som ungane stortrivdest saman med, låg alt til rette for gode opplevingar. I tillegg skapte musikk, cup og roing skikkeleg VM-stemning gjennom heile fotballskulen.

Nokre bilder fra dagane: