På laurdag brakar det laus med Trioløpet, med både løpsklasse, mosjons-/turklasse, barneløp og kortare sløyfe for ungdomar som ikkje vil melde seg på 5 km-løpet. Her er informasjon og tidsplan. Løpsklassen melder seg på på førehand i Eqtiming. Øvrige melder seg på på stadion løpsdagen.

Tidsplan:
Kl 10.30: Sekretariat opnar for registrering.
KL 10.45-11.30: Start mosjonsklasse (starte straks ein har registrert seg/fått startnr. 50 kr vaksne, 20 kr barn, 100 kr familie).
Kl 11.00: Oppvarming ved russen
Kl 11.30: Start 700 meter 11-13 år og 1400 meter 14-16 år.
Kl 12.00: Start løpsklasse 5 km.
Kl 12.05: Start barneklasse 0-10 år, 400 meter, samt lågterskeltilbod.

Alle får deltakarpremie fortløpande etter målgang. Der er det også drikkestasjon og frukt. Det vil elles vera open kiosk under arrangementet.

Parkering: Det er råd å parkere på parkeringsplass framfor gymsal gamle Undarheim skule. Innkøyring vidare til idrettsparken vil vera stengt. Det er også parkeringsmoglegheiter ved Kvinnherad vgs, parkeringsplass Kvinnherad Arena, samt parkering/busstopp i Opsangervegen ved skulane.

Vermeldingane er gode. Vel møtt til ein festdag i Husnes idrettspark!

Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner.