Stord friidrett hadde invitert oss og andre klubbar i distriktet til ei treningssamling for ungdommar 11 år og eldre i Deep Ocean Arena i Haugesund idrettspark. Difor la 6 av våre utøvarar samt nokre foreldre ut på tur laurdag, og det vart eit kjekt opplegg. Friidretten er ei lita gruppe, så det er nyttig og triveleg å møte utøvarar frå andre klubbar og trene med dei.

Her kunne ein velje i øvingar som stavhopp, høgde, diskos, sprint og hekk. Ei øving før lunsj, og så fekk ein prøve ei anna etter matpausen. Om lag 20 utøvarar frå klubbane i Sunnhordland deltok. Vi takkar Stord friidrett for initiativet, invitasjonen og gjennomføringa :)

Stavtrening.
Alle utøvarane samla.
Haugesund Sparebank er hovudsamarbeidspartnar med IL Trio.