Vår eminente ultraløpar Holmfridur Adalsteinsdottir har i år fått norsk statsborgarskap, og er samstundes no utteken til å representere Noreg i VM i 100 km ultraløp i Ames, A Coruna i Spania 20.september. 5 kvinner og 4 menn er i troppen, og deriblant altså Frida frå Valen.

Som kjent sette ho nyleg norsk rekord i sin klasse på 6-timars-løp. Då sprang ho 78 km på dei 6 timane, og no skal ho altså springe enda litt lenger. 100 km er ein av dei mest anerkjente distansane innan ultraløping.

Så vidt underteikna veit er dette første gongen Trio har ein seniorutøvar på landslag. Maylin Kristiansen var på tidleg 90-tal på landslagssamling i volleyball, men kom ikkje vidare. Vi trur det er den som har vore nærast. Til no.

Vi gratulerer Frida så mykje med uttaket!