Årets sommarsprell
IL Trio’s første sommarsprell er herved over! Det har vore ei veldig kjekk veke med over 90 barn innom. Ungane har vore så flinke til å ta beskjedar, spre glede og kasta seg med på aktivitetar. Ungdommane har fått teste både logistikk-sans, kreativiteten og tolmodigheten sin. Dei har leika, trøysta og sveitta litt. Takk til dei 17 ungdommane våre for ein framifrå innsats.
Me vil òg takke alle dei fine hjelperane våre på mat-stasjonen. Lena Medhaug har stålkontroll på kjøkkenet og bidrar som fleksibel potet innimellom matlaging, takk til ho og alle dei andre hjelperane våre for super innsats! Alle borna har fått gratis måltid og fått delteke i matlaging. Me har hatt alt frå badminton, innebandy, vannkrig og i dag avslutta me med eit meget alternativt VM innandørs. ![]()
Me ynskjer òg å rette takk til BUA, for lån av utstyr og ikkje minst Gjensidigestiftelsen som har støtta oss slik at me fekk gjennomført dette. Husnes idrettspark er skapt for aktivitet, sosialt samspel og idrettsglede! Takk for i år- håper på Sommarsprell til neste år og!
Verdensmestere av sommarsprell

Nokre bilder fra kjekke dagar!
Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner







