Friidrettskretsane Hordaland, Rogaland og Agder møtest i helga til lag-dyst i Extralekene for 13-14 åringar. Dette går av stabelen på Ålgård, med Gjesdal IL som arrangør. To av deltakarane på Hordaland sitt lag er Triogutane Giljar Saghaug Håland og Heine Sæverud Jensen. Gutane har delteke på hhvis 4 og 3 øvingar, og totalt har det blitt 5 personlege rekordar i løpet av helga. Med det har dei bidrege godt til at Hordaland vann kretskonkurransen. 

Giljar opna med ny pers i lengde med 4,39 meter. Det er ei forbetring på 13 cm frå Mailekene i Haugesund i vår.I diskos fekk han 19,60, men der var det Heine som var best med heile 24,73. Det er over 6 meter lenger enn persen frå tidlegare i år! I dag var det så tresteg, der begge gutane persa med over ein meter! Giljar hoppa 9,69 meter, medan Heine noterte seg for 9,60.
Til slutt var det spydkast. Der oppnådde Giljar 21,26 meter, og her knalla Heine til med sterke 32,67 meter. Første gong over 30-grensa og forbetring av persen med 5,5 meter. 

Neste helg er det Kvinnheradmeisterskap på Husnes stadion.

Så tek vi også med at Arne Torget har delteke i kretsmeisterskap i kast-femkamp for veteran på Os i dag.

Giljar og Heine med kretspokalen dei var med og vann med Hordaland FIK.
Haugesund Sparebank er hovudsamarbeidspartner for IL Trio.