Oppmannen

Det er viktig at ein oppmann har oversikt over namnelister, seriehelger til laga og hjelper til med å planlegge turane.

Spelar oversikt med info.:
Oppmann for kvart lag lager liste over spelarar og foreldre med telefonnummer.

Vaktliste for tilsyn i Husneshallen:
Vakt ordninga er ei svært viktig oppgåve for volleyballgruppa. Oppmann lager til vaktliste for tilsyn i Husneshallen.
Minne foreldre på tilsynsvakt i idrettshallen:
Informere om Branninstruksene og tilsynsoppgåver (Dei skal ligge i hallen)
Informasjon og instruks om tilsyns oppgava finner du her.

Reiser
– Organisere foreldre til privat kjøring til kampar/cup der ein ikkje kan ha buss
– Ha kontakt med økonomiansvarleg for bestilling av buss til kampar, deretter opprette kontakt med Tide for å avtale tidspunkt/stad for avreise. Dette blir berre brukt dersom det er svært mangen som skal reise samtidig. (30+ personer)
– Har kontroll på ferjekort. (Kvitteringar ved kjøp av billett skal legges i mappa ilag med ferjekortet. Dersom ein må fylle på ta vare påkvitteringa og lever inn til økonomi ansvarlig Javier for refusjon.)
– Trio fotballgruppa har buss som ein kan søka om låne ved reise.

Andre oppgåver
– Bistå trenar på treningar der det er nødvendig, evt viss trenar ikkje kan møte?
-Bistå eller skaffe folk til lagleiing på kampar der ein trenar har fleire lag.

Kontaktperson:
Tor Arne Sunde
Tlf: 905 11 453

Sjåfører ein kan spørre:
Åge Vik

Dugnad

Det blir forventa at alle spelarar/føresette bidreg med noko dugnadsinnsats for volleyballgruppa.

Trio volleyballgruppa har ein avtale med Husneshallen i forhold til hallvakter tre gonger i veka. Dette er som oftast i treningstidene til eit eller fleire av laga. Alle blir sett opp på dugnadsliste og alle som ikkje har vore i hallen på tilsynsvakt vil få nødvendig informasjon/opplæring. Dersom de ikkje kan den dagen de er sett opp vil me at de byter med nokon som er sett opp på ei liknande vakt.

I utgangspunktet ynskjer me at kvar spelar/føresett kan bidra medfølgjande;
– tilsynsvakter
– oppmann
– Avvikling av seriehelg