Cupen er avlyst grunna koronasituasjonen og forbod mot større arrangement.
Vi kjem sterkare att i 2021 :)

Påmelding og deltakarkort
Påmelding startar 06.februar og gjerast pr epost til post@il-trio.no. Ein må då ha med lagnamn, klasse, kontaktperson med tlf og kva slags deltakarkort ein bestiller.

Påmeldingsavgifta er kr 500,- pr lag.

Deltakarkort:
Alle som skal ha overnatting på skule og måltider må kjøpe A-kort, også lagleiarar og evt foreldre.

A-kort kr 750,-
Inkluderer overnatting, grilling fredag kveld, frukost laurdag og søndag, middag laurdag og søndag, deltakarstatuett, diplom med lagbilete og gratis tilgang til alle sosiale arrangement.

B-kort kr 550,-
Som A-kort, men utan overnatting.

C-kort kr 300,-
Som A-kort, men utan overnatting og mat.

NB! Ver nøyaktig med registeringa og skriv rett:
– klubbnamn
– draktfarge
– årsklasse
– kontaktperson m/mobil og e-postadresse

Frist for påmelding og betaling av påmeldingsavgift kr 500,- er 20. juni!
Frist for betaling av deltakarkort er 10. august.

Betaling:
Alle innbetalingar, påmeldingsavgift og deltakaravgift, skal betalast til:
IL Trio Fotball, Postboks 212, 5480 Husnes
Konto.nr. 3520.60.02873. Hugs å merkja med lagnamn.

Kontaktinfo for cupen: post@il-trio.no, tlf 99240087 (kun SMS på dagtid).