Undersider: . . Påmelding. . Overnattingsmoglegheiter . . Arrangement

Hydro Husnes Cup er ei sosial og kompakt fotballturnering for 10-12-åringar. I år er 20. året på rad Trio fotball arrangerer denne cupen. Cupen går av stabelen helga 21.-23. august.

***** Påmelding gjerast her, startar 06.februar! *****

Hydro Husnes Cup tek mål av seg til å vera eit alternativ til dei store cupane. Vi reknar at om lag 60-70 lag er høveleg tal for at alle skal trivast. Vi har hausta ros for at alle aktivitetane, kampane, overnatting, matservering og sosiale tiltak er samla innafor eit trafikksikkert område.

Vi satsar på kvalitet og intimitet og prøver å gjera vårt beste for at spelarar og leiarar skal få ei god fotballoppleving på Husnes. Tilbakemeldingane tidlegare år har vore udelt positive.

Hydro Husnes Cup er inndelt i 5 klassar:
– Gutar 12 år (2008), 9arfotball
– Gutar 11 år (2009), 7arfotball
– Gutar 10 år (2010), 7arfotball
– Jenter 12 år (2008), 9arfotball
– Jenter 10-11 år (2009-10), 7arfotball (viss nok lag: eigen 10-årsklasse)

Kampavvikling etc.:
– Kampane vert spela på naturgras og kunstgras i Husnes Idrettspark.
– Kampane startar laurdag morgon. (Ved behov evt kampar fredag kveld, men ikkje for tilreisande lag.) Kampoppsett vert sendt ut 1-2 veker før cupen.
– Matservering og alle fasilitetar innafor ein radius på eit par hundre meter!
– Overnatting på Undarheim skule og Husnes ungdomsskule.
– Vi nyttar NFF sitt reglement og har i alle år lagt stor vekt på Fair Play.
– Vinnarlaget av Fair Play får billettar (max 13 stk.) til ein heimekamp for FK Haugesund eller Brann.

Påmelding/betaling: Påmelding startar 06.februar!
Link til informasjon om påmelding og deltakaravgifter.
– Frist for påmelding er 20. juni.
– Påmelding er ikkje endeleg før påmeldingsavgift er betalt.
– Deltakarkort må vera betalt innan 10.august, (justeringar kan gjerast i etterkant).

Påmelding gjerast pr epost. Ein må då ha med lagnamn, klasse, kontaktperson med tlf og kva slags deltakarkort ein bestiller.
For meir informasjon, ta kontakt pr epost: post@il-trio.no, eller tlf 99240087 (kun SMS på dagtid).