|
Labert | | | G19: Trio2-Nord 1-3. 17-årslaget vårt gjorde ein heller laber kamp mot Nord søndag ettermiddag. Samstundes med at dei eldre juniorane spelte på graset, tok vi i mot Nord til ein hengekamp - eit lag vi synest vi burde vore på høgde med. Men som underteikna tok opp før kamp; det har vore labert frammøte på trening siste vekene, så då får vi kanskje litt som fortent. | |  | Ole Martin var vår bestemann i dag. |
Vi har klart oss greitt som førsteårs juniorar mot eldre motstand i år, men som regel vorte eit lite hakk for små i målprotokollen. Men no på tampen av vårsesongen møter vi dei laga som vi bør kunne slå, og då er det dumt at vi har senka oss sjølve eit hakk ned. Vi har heva oss nokon hakk i angrepsspelet og bydd på ein god del godt angrepsspel i år, men i dag vart det for lite av det. Særleg vart andreomgangen svak, der det vart altfor mykje dårlege valg og forsøk på enkeltprestasjonar. | |  | Flott mål av Daniel. |
Førsteomgangen var grei, men ikkje meir. Espen kom til nokre gode sjansar og fekk fyrt av både etter forarbeid frå Benjamin og Sander. Men begge gongane vart det berre nesten. Nord hadde også eit par sjansar, ein i tverrliggar via forsvarar og ein som Tarmo redda på strek. Men vel kvarteret ut i omgangen gjekk vi i føring, då Daniel vann att ballen høgt i banen. Siste forsvarar prøvde å lede Daniel så han ikkje fekk fyre av med høgreslegga, men unge Sørtveit har også ei venstreslegge av rang. Pang i nota frå 18 meter. | | Mot slutten av omgangen gav vi frå oss initiativet. Nord fekk vinne stadig meir duellar, og det var fortent nok at dei reduserte ti minutt før kvilen. Men dette kunne vi avgjere med noko meir trøkk i duellane, var tema i pausepraten. | | Men andreomgangen vart heller dårleg. Tidleg i omgangen kom 1-2 etter ein retur. Og elles tapte vi for mykje duellar og nytta sjeldan moglegheita til å få fart på ballen. Det vart for mykje på eiga hand og lite lagspel. Vi hadde vel berre ein stor sjanse i omgangen. Edvin sendte avgarde ein susar frå 25 meter, og Said var framme og scora på returen. Diverre blas dommaren for offside. I staden la Nord på til 1-3 då vi ikkje dekka skikkeleg på corner ti minutt før slutt. | |  | Solid debut av Steffen frå G16. |
Fortent Nord-siger til slutt, men vi kan betre. Kjekt at Mohammad og Steffen frå G16 stilte opp for oss i dag. Litt ekstra skryt av juniordebutant Steffen, som gjorde ein solid innsats på backen. Elles var Ole Martin vår bestemann i dag. Han la for dagen ein arbeidsinnsats som var litt mangelvare hjå mange av oss andre i dag. ' Tett program på tampen, vi skal til Bremnes på onsdag og får besøk av Stegaberg på fredag. Kampfakta frå KvednabekkjenG19: Trio2-Nord 1-3 (1-1) 1-0 (17 minutt) Daniel Sørtveit 1-1 (35 minutt) 1-2 (51 minutt) 1-3 (81 minutt) | | Dommar: Steinar Sæther, Odda | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal (Aref Hosseinizada frå 45 min), Jonas Teigen (Steffen Sørtveit frå 20 min), Edvin Vågen Bjørgvik (Tormod frå 75 min), Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes (Jonas frå 35 min), Espen Aakre Sjo, Daniel Sørtveit, Samson Nyrud Uppheim (Ole frå 65 min), Mohammad Barakzai (Benjamin frå 55 min), Sander Dolonen Brækken, Benjamin Skarveland (Said Mohammadi frå 35 min). | | - Trenar Are Ulseth | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | Årsmøte i IL Trio 2018 | Les meir | [13.02.2019] |
| Kjekk cupdag for G13 | Les meir | [10.02.2019] |
| Kampoppsett Trio Cup 2019 | Les meir | [03.02.2019] |
| Årsmøte i Fotballgruppa. | Les meir | [22.01.2019] |
| I gang med innesesongen | Les meir | [21.01.2019] |
| Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival! | Les meir | [20.01.2019] |
| Innkalling til årsmøte i Trio | Les meir | [17.01.2019] |
| Invitasjon: Trio Cup 2019 | Les meir | [02.01.2019] |
| | | Lenkjer | | | |