Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
Fotballskule 2018
Fotball
Trio Cup 2018
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Trio - Bergen Nord 1-1

Trio møtte Bergen Nord i strålande ver og eit stort publikum (Omtrent 150!) i ryggen. Les korleis kampen arta seg og kven Aleksander meinte stod mest fram for Trio.
 

Trio – Bergen Nord

 

Laget: Vebjørn R, Vebjørn H, Åsmund, Lars B, Martin L
Alkan, Erik,Kjetil, Eivind, Torki
Martin

 

 

I strålande sol skulle Trio glimra med tiki taka fotball og gå for tre nye poeng mot BergenNord. Det skulle visa seg å bli ingen enkel oppgåve.

Kampen starta jamt mellom begge lag og var prega av mangeduellar, korte ballinnehav og bra intensitet. Bergen Nord hadde fleire raske spelarar og bra energi i laget. Romma er mindre, og tida ein får med ball er mindre i 4.divsjon enn i 5.divisjon.

 

Etter kvarteret kjem Trio på eitflott angrep med tiki taka fotball. Ballen endar på hjørnet av 16 meteren hos Kjetilsom skyt i tverrliggar. Det skulle ikkje vere siste gongen tverrliggaren spelaoss eit puss denne dagen.

Torki kjem kort tid etterpå til eit godt skot i ein periode der Trio får teke ned ballen og etablert fleire angrep. Martin blir spelt igjennon angrepet etterpå Torki sitt skudd, og får ein dytt og fell innanfor 16 meteren.Publikum ropar på straffe. Men ein energisk og god Martin måtte reisa seg og godta at dommaren held fløyta i lomma.

 

Mot spelets gong lagar Trio frispark frå tjue meter. Det vert slått på bakerste stolpe, ein Bergen Nord spelar header fint over på motsatt stolpe og bergenserane tek leiinga på Kvednabekkjen. 0-1!

 

Etter om lag tretti minutt spelar Åsmund direkte opp på Martin rett over midtsirkelen. Han dempar ballen raskt, vender på ein femøring og skyt overraskande frå 25 meter. Ballen går i tverrliggar og dabbar to gonger ned i mål før den går ut igjen. Dommar held fløyta i munnnen og linjedommaren held flagget nede. Var ballen inne? Det kunne sjå slik ut i høve til utsagn frå publikum nære motstandarmålet.

 

Martin var ikkje ferdig med involveringane sine og sukka ikkje med hovudet. Trio får frispark ute på venstre kanten. Det vert teke raskt og Alkan blir spelt igjennom. Han ser Martin på løp foran boksen og sentrar nydeleg inn til Veastad guten som breisidar inn 1-1. I tillegg fekk Martin servert ein limerick frå speaker etterpå. 

 

Han er rå til å feira scoring Martin Vea-stad
og skryt av andre når dei gjere noko bra.
Han elska og fiksa på håret,
og klaska seg på låret,
score du eit mål til blir Stinnien glad.

 

Laga går til pause med 1-1 og me sit igjen med ei godkjensle om eit Trio lag som meir og meir tek over kampen og bør ta poenga. 2.omgong startar med to gode sjansar. Torki med eit farleg skudd, men den største sjansen får Bergen Nord då dei fint spela seg igjennom på høgre kanten og legg inn i feltet. Ein god venstrekant missar på ballen og ope mål. Der var Trio heldige.

Etter dette går kampen litt tilbake til starten.Stillingskrig med mange duellar. Spelarane på begge lag brukar meir tid på kvarandre og dommar. Dette kan gå begge vegar. 

 

Charter kjem innpå og gir eit løft med fysikk og raskt spel.

Bergen Nord får nok ein gigasjanse etterpå, der dei rundar Vebjørn, men heldigvis går ballen over linja etterpå. Nok ein gong venstrekanten på raid igjen. Trio har etterpå eit stort trøkk på Bergen Nord og skapar fleire sjansar, utan at dei får hol på byllen.

Det endar 1-1 i ein kamp der Trio har flest sjansar, sjøl om Bergen Nord har eit par store sjansar i tillegg til scoringa. Den store snakkisen er nok om skotet til Martin Veastad burde vore godkjend eller ikkje. Uansett er det ei god vinkling av trenar Ekeland der var ikkje den situasjonen som gjorde at Trio ikkje vann.

 

 

Det er uansett mykje godt å ta med seg frå starten av sesongen. Trio har 4 poeng, møtt god motstand, spelar god fotball og har meir publikum enn på lenge. Dette lover godt foran resten av sesongen! Følg med!

 

Aleks sine stjerner går i denne kampen til:

 

Kjetil : ***
Martin: **
Åsmund: *

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Grei start
Les meir [18.04.2018]
Imponerande debut i 1. divisjon av J14
Les meir [16.04.2018]
Trio - Bergen Nord 1-1
Les meir [16.04.2018]
Endelig seriestart for J14!
Les meir [14.04.2018]
Utstyrsavtalen er på plass
Les meir [13.04.2018]
Tjåka fullt
Les meir [12.04.2018]
Madsakre!
Les meir [12.04.2018]
Knallkjekk turnering for 12-årsgutane
Les meir [08.04.2018]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart