|
Heilsprekk! | | 4.divisjon: Odda-Trio 6-1. Det vart ein snodig kamp i Tyssedal, der det var heilt jamnt den første timen av kampen. Men då Odda sette inn 2-1, sa dei takk for følget og Trio sa takk for i dag. Det rann inn tre mål på fem minutt og Odda spelte ball i hatt med gjestane. | | |  | | Rolf Vidar Hansen scora Trio sitt mål. |
Det verste han har vore med på, melder trenar Håkon Ekeland om den siste halvtimen. For fram til det, hadde han vore godt nøgd. Odda starta førsteomgangen best, Trio avslutta omgangen best. Etter tidleg 1-0-leiing, utlikna Rolf Vidar Hansen på eit herleg frispark opp i vinkelen før pause. ' Også første kvarteret av andre omgang var ein stillingskrig, men då Trond-Inge Haugland vart liggjande nede i feltet med strekk, gjekk det skeis. Odda trykte på lenge og vel, medan stakkaren låg der, og til slutt fekk dei ballen i mål. | | | Og med 2-1 og stopparbautaen ut, gjekk Trio opp i liminga. Forsvaret sprang rundt som hovudlause høns, midtbanen gjekk i hi som bamsefar på vinteren og alt fall heilt i fisk. Kampen vart avgjort med tre heimescoringar på fem minutt og Odda gav seg ikkje før det sto 6-1. | | | Avslutninga på kampen er det altså berre å gløyme. Allereie laurdag ventar ny kamp. Då kjem Djerv til Husnes, den kampen skal vinnast! Av Trio! :) Kampfakta frå Tyssedal kunstgras4.divisjon: Odda-Trio 6-1 (1-1) 1-0 (15.minutt) Thomas Nilsen 1-1 (40.minutt) Rolf Vidar Hansen 2-1 (60.minutt) Jan Erik Evjen 3-1 (64.minutt) Jan Erik Evjen 4-1 (65.minutt) Thomas Nondal 5-1 (85.minutt) Jan Erik Evjen 6-1 (90.minutt) Issouf Doumbia | | | Dommar: Morten Ophuus, Loddefjord. Gult kort: Aleksander Ekeland, Trio. | | | Trio sitt lag: Thomas Hallquist, Marcus Øvrevik (Erlend N. Jensen frå 46.minutt), Aleksander Ekeland Trond-Inge Haugland (Åsmund Voster frå 60. minutt), Raymond Pedersen, Allkan Abdulla, Seyed Sadat, Rolf Vidar Hansen, Øystein Ersland (Ingvald Johnsen frå 80.minutt), Roger Røssland, Roger Ekeland. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | Invitasjon: TINE FOTBALLSKULE | | Les meir | [18.05.2012] |
| | Minneord - Magnar Olderkjær | | Les meir | [17.05.2012] |
| | Smågutteseier i Rosendal | | Les meir | [16.05.2012] |
| | Surt tap for småjentene på Fitjar | | Les meir | [15.05.2012] |
| | Uavgjort i toppoppgjeret | | Les meir | [15.05.2012] |
| | Målfestar for 2001-gjengen | | Les meir | [15.05.2012] |
| | | Å score når sjansen byr seg | | Les meir | [14.05.2012] |
| | | | Lenkjer | | | |